lørdag 23. januar 2010

Dokketeppe

Eg har strikka dette dokketeppe i Miralsol, 100% Alpakka. Teppet blei 42x42 cm. Kvar lapp er 26 masker og 25 riller, og eg hekla samen dei ni lappane. Veldig enkelt, men fine farga og syns "duskane" rundt kanten gjorde seg.

Teppe og mykje anna dokkeklær som er laga til ei babyborn dokke skal loddast ut på ei messa. Så då gjenstår det berre å ønska at ei lita jente som kan ha glede av dette vinne, og ikkje ein gammal ungkar.

Kansje eg skal begynna å strikka litt dokkeklær, noken som har enkle oppskrifter å anbefala?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar